Om Leveld Teaterlag
Leveld Teaterlag har i meir enn 20 åra vore ein aktiv kulturaktør i Hallingdal. Laget har sitt utspring frå Leveld Ungdomslag og L6 (Lokallaget for Leveldlitteratur og løglege lyrikarar) i Ål.
Den fyrste store satsinga kom i 1987 med «Dikt og forbanna draum – ein haugarock». Seinare har laget spelt mange forskjellig stykke i ulike sjangerar; Ein midtsommarnattsdraum, Den spanske flugu, Gengangere, Brødrene Østermanns huskors, Charlie og sjokoladefabrikken, Den syngende frøken detektiv m.fl. Det har stort sett vorte sett opp eitt stykke i året. Laget har veksla mellom å spele på heimescenen Leveldtun og Ål kulturhus.
Tidleg på 80-talet innleia laget eit samarbeid med skodespelar og regissør Magne O. Brevik. Han har i sterk grad vore med og prega teaterlaget. Men også andre regissørar har vore engasjert; Tyra Tønnesen, Sølvi Wiulsrød, Gunhild Gåsvik, Gry Tøsdal og Eldgrim H. Springgard. Frå å vera eit lokalt teaterlag i Leveld, har teaterlaget i denne perioden vokse seg til eit lag for heile Ål – ja, også vidare enn det.
I 1994 fekk Leveld Teaterlag Ål kommune sin kulturpris. I 2002 vart laget tildelt Buskerud Mållag sin målpris.
Styret Oversikt over styremedlemene:
| Stilling | Navn | Telefonnummer | E-post |
|---|---|---|---|
| Styreleiar | Per Egil Kolsrud | 91 74 54 63 | per-egil@aal.kommune.no |
| Økonomiansvarleg | Lars Bergaplass | 90 72 06 27 | larsbergaplass@hotmail.com |
| Skrivar | Unn Perstølen | 90 14 70 55 | |
| Styremedlem/Leiar Kunstnarleg Råd | Grete T. Hagen | 91 69 08 26 | gretetoril@hotmail.com |
| Styremedlem/Kunstnarleg Råd | Hilde Sofie Sørlie Fjellhøi | 95 89 35 66 | hsf@nedreaal.no |
| Kunstnarleg råd (KR) | Torun Torsteinsrud | 90 73 78 52 | torun.t@aal.kommune.no |