Skal spele på Union Scene i Drammen
Kost og mask: Signe Fuglesteg Luksengard legg på leppestift.
Blå Himmel Grønn Skog er ei DUS-forestilling (Den Unge Scene).
Skrive av Embrik Luksengard den 17. mars 2009 klokka 20:03
Etter at stykket er vist i Hallingdal, skal gjengen til Union Scene i Drammen med forestillinga.
Det skjer helga 28.-29. mars.
DUS (Den Unge Scene) vart oppretta i 2003 for å heve nivået på ungdomsteater i Norge.
Dei tilrettelegg tekstar som ungdomsteater set opp lokalt.
Teatergruppene møtest til teaterfestival regionalt og nasjonalt ved Det Norske Teatret. Det er den regionale samlinga som er lagt til Union Scene i Drammen.
DUS går ut på at ungdom i alderen 13 til 19 år framfører tekstar spesialskrivne for ungdom. 35 ungdomsgrupper fordelt over heile landet lagar framsyningar av tekstane.