Fem fulle hus for Blå Himmel Grønn Skog
Glade aktørar etter premieren: Frå venstre Marianne Øygard, Margit Myhr, Vetle Springgard, Signe Fuglesteg Luksengard, Silje Risdal Liahagen, Ida Østvold Sveinhaug, Eirik Thon og Eirik Fuglesteg Luksengard.
Tysdag 17. mars sette teaterungdommane eit verdig punktum for Blå Himmel Grønn Skog.
Skrive av Embrik Luksengard den 17. mars 2009 klokka 21:40
Ensemblet har spelt fem forestillingar i Ål kulturhus. Til saman har mellom 350 og 400 personar sett denne oppsetjinga til Leveld Teaterlag.
Etter premieren laurdag 14. mars, var det tid for meir finpuss for aktørane. Sundagen vart nytta saman med teatersjef for Brageteatret, Terje Harviksen. Der fekk utøvarane tips frå ein fagperson som såg stykket frå utsida.
Dagen etter, måndag 16. mars, var det to skuleforestillingar på dagtid. 9.- og 10. klasse ved Ål ungdomsskule kom til kulturhuset og såg stykket. På kvelden var det open forestilling.
Og tysdag kveld vart Blå Himmel Grønn Skog avslutta for fullt hus. No kan skodespelarane kvile ut og lade opp til DUS-festivalen i Drammen 28. og 29. mars. Der skal Leveld Teaterlag syne stykket sundag.